Gratulasjonar til Hilde
og Jan Rune
Torsdag i førre veke, 8.
januar, vart Hilde og Jan Rune foreldre til ei jente som vert nummer tre i
rekkja til familien Årøy. Jenta såg livets lys kl 14:07.
|
Av: Jan Fuglesteg.
Publisert 13. januar 2009 |
|
|

Foto:
Odd Einar Fimreite
Julie på armen til far Jan Rune vart storesøster for andre
gong og tykkjer nok det er stor stas. |
Ein stolt far kan melda om at
jenta var mørkhåra, var 51 cm lang og etter eige utsagn vog omlag
like mykje som han sjølv hadde lagt på seg i julahelgi, slik omlag
3700 gram :-). Han kan melda om at alt står bra til med både mor og
jenta.
Det er ikkje bestemt noko namn på jenta enno.
Heile Fjøramiljøet gratulerer så mykje! |