| EINAR KVAM - KARRIÆRE |
|
Einar Kvam har spelt 12,5 år for klubben, frå 1989 - 2001, og var ein særs
markant person i Fjøra miljøet, både på og utanfor bana. Kvam debuterte for Fjøra i 4. divisjon (dagens 3. div.) i seriekamp mot Måløy (H), 29. juli 1989. Sidan har han altså vore meir (eller mindre) fast inventar på Fjøra. Han har vore toppscorar i sesongane 2001, 1999, 1996, 1994, 1993 og 1991. Han vart kåra til årets spelar i 1996. Kvam har spelt 274 kampar for Fjøra og scora heile 177 mål. |
|