|
|
TURNERINGSFORMAT
Måndag
10. oktober 2005
Kjempenes Liga er ein særs prestisjetung turnering.
Punktum. Sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut til
tider skjer det noko når turneringa er i gang. Godt
vaksne karar vert for ungar å rekna, både i munnbruk
over tvilsame domaravgjersler, mot eigne spelarar og
ikkje minst motspelarar.
Kven
kan delta?
Alle! Men det er begrensingar for kor
mange lisensspelarar som kan vera på bana og kor
mange det vera i troppen for kvart einskild lag. Sjå
forøvrig reglemntet. Det er makimalt plass til 32
lag og det er prinsippet ”først til mølla(rhølen)”
som gjeld. Så her er det berre å vera tidleg ute.
Trekninga
Inndeling av grupper føregår ved trekning. Ingen
av laga vert seeda. Dersom det melder seg på lag som
har lang reisetid vil sekreteriatet for Kjempenes
Liga ta kontakt med laga og høyra om dei ynskjer å
spela kampane sine på laurdagar. Dersom laga skulle
gå vidare til sluttspelet slepp dei å reisa til
Sogndal 2 dagar. Lag frå Årdal, Lærdal, Vik,
Balestrand og Ytre Sogn vil bli prioriterte.
Turneringa
Turneringa vert avvikla i løpet av ei helg, og i
2005 går den av stabelen 25. og 26. november. Laga
vert delt inn i grupper på 4 lag, og desse spelar
ein einkel serie med kampar på 17 minuttar. Dersom
det melder seg på 32 lag vil dei 2 beste laga frå
kvar gruppe gå vidare til sluttspelet. Dersom det er
28 eller 24 lag med vil dei beste trearlaga også gå
vidare til sluttspelet. Heile poenget er at det skal
være 16 lag som går vidare til 8-delsfinalane.
Sluttspelet
Sluttspelet føregår etter utslagsmetoden (cup-prinsippet).
Vinnande lag går vidare til neste runde. Skulle det
stå uavgjort etter ordinnær tid vert det 3 minuttar
med sudden death. Skulle det fortsatt stå
uavgjort er det straffesparkkonkurranse der best av
3 straffar går vidare. Står laga fortsatt likt vert
det teke ein og ein straffe til ein vinnar er kåra.
Kampane
Kvar kamp varer i 17 minuttar og laga må vera
klare 5 minuttar før oppseett kampstart.
Tidsskjemaet er såpass stramt at det ikkje er rom
for forsinkingar. Kampane vert spelte på 1/4
bane og det er 1 domar som dømer.
Fest og
premiering
Turneringa skal vera ferdig til kl 16:00 og då er
det tid for tippekamp på eigna plass etterfølgt av
premiering for vinnarlaget samt prisar til årets
spelar, årets toppsscorar etc.
Høyrest dette
moro ut? Vel ta turen innom påmeldingssida og meld
på eit lag! |