Format
  Påmelding av lag Trekning av grupper  

 

FORMAT ARTIKLAR

Turneringsformat

Reglement

REGLEMENT
Måndag 10. oktober 2005
 

§1 - Spelebane

1.

Bana vil bli ca. ¼ av ei normal bane.

2.

Måla som blir brukt er 2x5 meter.
   
§2 - Spelarane

1.

Kvart lag må minimum bestå av 8 spelarar, maksimum 12 spelarar. Dette er gjort med omsyn til at påmelde lag skal ha nok spelarar ved fråfall.

2.

Maks 6 spelarar på bana (samstundes) frå kvart lag, medrekna keeper. Innbyte kan skje fritt.

3.

Eige skjema med fullstendig lagoppstiling og andre opplysningar SKAL leverast seinast 15. november 2005.

4.

Ein kan ikkje spele for fleire lag under turneringa.
   
§3 - Lisensspelar/ikkje lisenspelarar

1.

Ein kan ikkje vera under 16 år.

2.

Lisensspelar: Spelar frå 16-29 år, type testosteron som i inneverande sesong har spelt aktivt f.o.m 4. divisjon og oppover. Alle spelarar over 30 år kan delta fritt.

3.

Nytt! Aktive spelarar frå 5. og 6. divisjon vert ikkje rekna som lisensspeelarar.
4. Det kan maksimalt vera 3 lisensspelarar på kvart lag under 30 år.
5. Det kan berre vere ein lisensspelar under 30 år på bana per lag. Kan altså vera fleire i stallen.
6. UNNATAK: Alle jenter kan delta uavhengig om dei er lisensspelarar eller ikkje.
   

§4 - Generelle reglar

1. Kamptid 1x17 min.
2. Alle lag pliktar å stille seinast 5 minuttar før oppsett kamptid. Ved brot på dette vil motstandarlaget bli tildelt seier 5-0, og 3 poeng.
3. Er det uavgjort i sluttspelet etter full tid, vil det bli sudden death i maksimalt 3 minuttar. Er det fortsatt ikkje avgjort vert det straffesparkkonkurranse. Kvart lag tek 3 straffar kvar og er det ikkje avgjort innan då, skyt kvart lag ein og ein straffe til ein vinnar er kåra.
4. Innkast og corner vil bli som normalt.
5. Straffespark vil bli teke frå grenselinja til straffefeltet dvs. so langt ut so keeper kan ta ballen med hendene.
6. Det vil bli ein domar.
7. Offside drit me i.
8. Gult kort: Utvising i 5 minuttar. Spelaren som får gult kort har høve til å koma inn att så snart straffa er sona.
9. Raudt kort: Spelaren vert utvist for resten av kampen. Etter 5 minuttar har laget høve til å setta inn ein annan spelar.
10. Ved dødball har keeper ikkje lov å kaste ballen over midtlina. Brot på dette vert straffa med indirekte frispark til motstandar på midtlina.
   

§5 - Sluttspel

1. Om to lag står likt etter dei innleiande kampane, blir plasseringa avgjort slik:
A.  Målforskjell
B.  Flest scora maol
C.  Innbyrdes oppgjer
D.  Loddtrekning  av  Jan Rune Årøy
2. 16-delsfinalane vil gå etter oppsettet, men dersom det viser seg at lag frå same innleiade pulje skulle møtast i 16. delsfinalen vert det rokeringar. Ikkje spesielt artig å møta same som i gruppespelet. Dette problemet dukkar kun opp med dersom det er færre enn 32 lag noko som betyr at 3. lag går vidare.
   

§6 - Utstyr

1. Eige ansvar, men ser helst at deltakarane brukar leggbeskyttarar, då mykje står på spel, og ambulansen ekje alltid so god å få tak i. Fjøra låner ut vestar til dei som ikkje har høve til å stilla med eigne drakter.
   

§7 - Skadar

1. Fjøra fråskriv seg alt ansvar ved personskade, men stiller med det mest naudsynte utstyret for førebyggjing av skade, is og tape.
   

§8 - Protest

1. Protest kan leverast munnleg til sekreteriater seinast 5 minutt etter kampslutt.
   
   
Lukke til!
 
 
     
  Eit produkt i regi av Fjøra Fotballklubb