Historikk
  Påmelding av lag Trekning av grupper  

 

TIDLEGARE SESONGAR / VINNARAR
2004 - Fjøra Allstar
2003 - Leite Mix
2002 - Sogndal kommune

Trond Helgesen hevar KL-trofeet i januar 2003, medan resten av laget til Sogndal kommune feirar. Bilete: Bent Sjøtun.

HISTORIKK
Måndag 10. oktober 2005

Bakgrunn for turneringa
Sjølve ideen til Kjempenes Liga kom på bordet alt hausten 2000, og det var Jan Rune Årøy mannen bak ideen. Han hadde sett at Fjøra FK ikkje nytta sine treningstider etter sesongslutt fullt ut, og i staden for at hallen ikkje var i bruk, kunne ein med Kjempenes Liga bidra til større aktivitet i hallen.

Eit anna moment var at Fjøra FK gjennom Kjempenes  Liga sytte for eit turneringstilbod til dei mange eldre fotballsspelarane og ungdomane som ikkje dreiv aktivt. Det var på den tida mange kameratgjengar som trena for seg sjølv, og i Sogndal må her spesielt nemnast Haugen, Nestangen og Leite Mix. "Haugen-turneringa" har drive på i mange år, hadde og har vel tildels kultstatus i bygda.

I løpet av våren / sumaren 2002 bestemte Fjøra FK seg for å prøva å laga til ei turnering. Invitasjonar vart sende ut og 24 lag meldte seg på. Trekninga av gruppene gjekk høgtideleg føre seg i kommunestyresalen med god deltaking. Det vart mellom anna sagt frå ein av dei frammøtte at det sannsynlegvis aldri hadde vorte sagt så mykje vitigt i kommunestyresalen som under denne trekninga. 5. november 2002 vart turneringa sparka i gang, og det var Sogndal Pøkkers (mot Leite Mix) som fekk æra av å gjennomføra turneringas første spark.

Dei 2 første åra gjekk turneringa over lang tid der gruppespelet vart spelt før nyttår, medan sluttspelet vart gjennomført i januar. I 2002 var det 24 deltakande lag, i 2003 var det 28 lag medan det i fjor var 24 lag. Dei 2 første åra var oppfølgjinga av turnringa på nett rimeleg god, med førehandsomtale og referat frå kvar kamp. Det var faktisk eit par referat på engelsk også. Men dette var eit svært tidkrevjande arbeid og med så få folk i Fjøra FK tvinga ei endring i konseptet seg fram.

Ikkje berre Sogndalslag
Det er slett ikkje berre lag frå Sogndal kommune som har delteke i turneringa så langt. Luster kommune har vore sterkt representert i alle år, med 2 lag. Årdal har vore representert med 1-2 lag, medan Vik og Leikanger har også vore med frå tid til anna. Me lagar til eit opplegg for dei som kjem langvegsifrå slik at dei kan sleppa 2 turar / evt. overnatting i Sogndal om dei ynskjer.

Turneringsendring
Etter 2 år med innleiande kampar før nyttår, og finalespelet etter, vart turneringa i fjor lagt om og gjennomført i løpet av ei helg. Ei klar føremon arrangementsmessig, men ein del av deltakarlaga hadde ynskje om at ein gjekk attende til det gamle konseptet. Alt i alt fungerte konseptet svært godt, sjølv om det ikkje vart den blesten og oppfølgjinga på nett. Me fann ut at dette var eit opplegg som passa langt betre for Fjøra. Og me trur tross alt at deltakarane også likte opplegget.

Leite Mix og Allstar har domiert
Fjøra Allstar er det laget som har gjort det best med kvartfinaletap i 2002 (SIL/Sognahallen), nr. 2 i 2003, medan dei i 2004 gjekk heilt til topps etter å ha slege Jostedal 2-1 i finalen, ein rakkarøkkare av ein kamp, der  Bjørnar Bjørhusdal sytte for sydlandsk stemning då han klinte inn 1-0 målet til Josten. Allstar kom dog attende og drog i land sigeren tilslutt. Men også Leite Mix har vore dominert turneringa stort. I 2002 vart dei slegne ut i semifinalen (Sogndal kommune), medan dei vann suverent i 2003. I fjor måtte dei sjå seg slått ut i semifinalen av Fjøra Allstar. Det vil nok Leite-gutta revanjere i 2005.

Så får me sjå om kven som kan heve KL-pokalen over hovudet 26. november 2005.

 
 
     
  Eit produkt i regi av Fjøra Fotballklubb