|
|
OPPSUMMERING
FREDAG
Fredag
25. november 2005
Då
er dei innleiande kampane i gruppe A, B og C
ferdigspelte og det vart ikkje dei heilt store
overraskingane.
Frå gruppe A gjekk Team Skjørtejeger FC og
Lægreidspuben vidare som dei to beste laga. Frå
gruppe B Jostedal FC vidare med full pott, 4 sigrar,
12 poeng og ingen innsleppte mål (7-0). Med seg fekk
dei Pilte Mix som tidvis imponerte. Frå gruppe C var
det inga bombe at Haugen Power vann gruppa med fullt
hus. Men me tykte dei sleit litt og laget bør heilt
klart ha meir å gå på. S-Laget imponert og slet
følgje som 2-ar lag frå gruppe C.
Med dramatikk var det i høve til kven av dei 2 3-ar
laga som skulle gå vidare. Klamhøggera var først
ferdige og stod med 6 poeng og 7-5 i målskilnad.
Dernest kom 2 og 5 FC seg opp på 6 poeng med 6-4 i
målskilnad etter å ha slege Skogen FK med 2-0 i sin
siste kamp. Dermed var dei unge sogndølene heilt
avhengige av at Innaføringane ikkje vann meir enn
2-0 mot Sogne-Prent i sin siste kamp. Lustringane
vann heile 5-1 og vart dermed beste 3-ar lag frå
fredagen. Kampen enda også med 2 raude kort etter
handgemengd mellom Tor Hauge og Kenneth Mo. Dermed
måtte 2 og 5 FC sjå at toget gjekk medan dei stod
att på perrongen.
Toppscorarar fredagskvelden vart Tommy Hildeskår,
S-Laget, med 5 pinnar. Bak han har me Per Ole Tenden,
Haugen og Vegard Ruud med kvar sine 4 pinnar. 7
spelarar står bokførde med 3 mål kvar. Desse er Tor
Hauge og Stian Kvalsøren - Innaføringadn, Arild Een
- Klamphoggaradn, Ole Morten Kvam - S-Laget, Rein
Arne Isane - Pilte Mix og Morten Sørensen og Frode
Danielsen - Lægreidspuben. Samtlege har sjansen til å pynta på den
statistikken i morgon.
Arrangementmessig fungerte opplegget godt, sjølv om
me var litt forseinka i starten. Men med Wolffs
kadaverdisiplin og kortare pausar mellom kampane
greidde me å ta igjen det tapte. Alltid greitt å ha
fredagskvelden som gjennomkøyring, då det er
laurdagen som er kritisk i høve til å halda
tidsskjemaet.
Elles vart det meldt
om mykje folk i hallen og ifølgje Tom W. Navarsete
var det enormt med folk ein periode. Rekord i
KL-samanheng.
Er du interessert i
resultata frå kveldens kampar gå inn på menyvalet
Resultat og
klikk deg vidare på kvart resultat for å sjå
kampfakta (målscorarar og kort). |