|
BØTTA
ER KOMEN HEIM
Laurdag
25. november 2005
Haugen Power vann tidlegare i dag Kjempenes Liga
2005. Turneringssigeren var fullt ut fortent, og i
finalen hadde Leite Mix i røynda ikkje noko å stilla
i mot det velsmurde maskineriet til HP.
Haugen gjekk gjennom turneringa utan å gi vekk eit
einaste poeng. 12 poeng og 10-2 i målskilnad var
fasiten etter gruppespelet. I sluttspelet rauk laga
Lerum BF, DDR og Leite Max ut for HP-overmakta.
Toppscorar for dei krye meistrane vart Per Ole
Tenden også kjent som Peos med sine 6 mål. Med det
delte han også 2. plassen på årets toppscorarliste
med Leite Mix sin Bård Dyrkolbotn.
Årets toppscorar vart Vidar Sanden med 13 mål. Ingen
over, ingen ved sida. Sanden tronar no mutters
åleine med sine 29 pinnar i KL-samanheng. Det er 5
mål meir enn Einar Kvam.
No vert det sikkert feiring utan sidestykkje gjennom
Sogndals gater i open bil. Dom Pernion kjem til å
fylla bøtta på turen. Me reknar med å koma attende
med ein kommentar frå vinnarane seinare, men no lyt
dei få feira litt.
Me trur det er mange som unnar HP sigeren, etter å
ha gått på ein del stygge blemmer i tidlegare
turneringar. Dette laget vert nok også å rekna med
neste år.
Kjem til å opppdatere sidene med omsyn til
statistikk og lagsider etter kvart, men no er eg
berre så jævla leie og sliten.
Me gratulerer årets vinnar:
HAUGEN POWER!!!
|