Påmelding av lag Trekning av grupper  

 

NYHENDE
Nyhendeoversikt

Terje Mc'Kvåle hadde på seg kiltskjørtet sidan han spelte for Dufte IL. Teke seg godt ut i lårkort. Bilete: Bent Sjøthun.STATISTIKKJEN PÅ PLASS
Tysdag
6. desember 2005

Statistikkdelen for årets Kjempenes Liga er no oppdatert. Det er også all-timestatistikken. Årets desiderte toppscorar var Vidar Sanden med sine 13 mål. Eit hav bak han kom lagkammerat Bård Dyrkolbotn og turneringens beste spelar, Per Ole Tenden, med sine 6 mål.

All statistikk finn du på statistikksida (nei gi reg, rao).

Oppsummering av turneringa
Arrangementsmessig gjekk turneringa svært godt. Men nokre ting vert annleis neste år. Mellom anna vert det laga eiga turnering for damelag. Me har fått attendemeldingar frå fleire damelag som kjem til å stilla lag neste år dersom det vert laga eiga turnering for dette.

Det var mange gule og raude kort i årets Kjempenes Liga og ein del av korta kom etter reine tullegreie, der spelarar gjekk for å få raudt kort. Dette vil me i størst mogleg grad ha VEKK! Så me kjem til å innføra drastiske tiltak for å få bukt med fanskapet. Sviande bøter for syndarane er ikkje langt frå sanninga.

Me takkar alle dei deltakande laga for at dei var med i årets KL og ynskjer dei hjarteleg velkomne til neste år. Me skal starta marknadsføringa av turneringa noko tidlegare for å freista å fylla turneringa på herresida.

Og dersom me greier å få på plass 8 damelag så vert det jaggu i meg bankett også...

 
 
     
  Eit produkt i regi av Fjøra Fotballklubb