Fjøra FK - Kaupanger IL    2-4

Fosshaugane Campus 15. mai 2006 kl 18:30
5. serierunde
 


0-1 24 Frode Kvam
0-2 38 Preben Strypet
1-2 55 Vegard Ruud
2-2 56 Morten Hagen
2-3 61 Ole Einar Rebni
2-4 71 Frode Kvam
     

  Me kjem attende med litt førehandsinfo før kampen vert blesen i gong kl 18:30 i kveld.
  Laga er klare, sjå under. For Fjøra så er ikkje Tore Gjerdalen eller Øystein Eriksen med grunna skade, og for KIL er ikkje Ronny Vedvik og Andreas Bjelde med grunna skadar.
  Glimrande speletilhøve i Sogndal i dag. Sol, men litt kaldt. Flott bane og alt ligg til rette for ein flott fotballkamp.
  Domar i dag er Rune Haugland, Haugen IL. På linene går Marius Slinde og Jarle Andersen, båe Syrstrond IL. Lukke til heile bøle!
  Har fått inn eit bilde frå Fjøra si oppvarming på Fosshaugane Campus: http://www.fjora.no/Flash/historikk/2006/bilete/kil_H/001.jpg
  Ein liten korreksjon angåande benken til KIL: Roger Hjellhaug sit også på benken. Og det er ikkje Ronny, men Roger Vedvik som er skada. Ronny la opp for ein god del år sidan. Men god var han, og han hadde noki strålande innlegg. Så då er det oppklara.
  -----------------------------------------------------------------------
1 Kampen er i gang, Fjøra med avspark.
1 Innkast til FFK på høgde med KIL sin 16-meter.
1 Rebni avklarar, men berre ut til Hagen. Vert ein innlegg som KIL får kontroll på.
1 Strypet går i offside, domaren dømer ikkje og KIL får innkast.
1 Skot av Rygg, men totalt ufarleg.
2 Hagen med ein stikkar mot Frode Kvåle som korrekt vert avblesen for offside.
3 KIL går i offside.
3 Jamn opning på kampen. Ingen av laga har skapt noko, spelemessig jamnt.
3 Bra Fjøra spel der ballen nesten når fram til Kvåle som står på blankt mål. Kapstad bergar den sjansen.
4 KIL med eit bra oppløp, men Fjøra får kontroll.
5 Strypet med ein bra pasning mot Rygg, men Fjøra er bra med og får kontroll.
5 Innlegg av KIL som går rett i klypene til Hovland.
6 Hagen får brot imot, KIL i angrep. Strypet legg inn og ballen går igjennom heile feltet. Tobbe gir corner.
7 Corneren til K. Teigen går bak mål.
7 Fjøra med eit bra forsøk men pasningen vert for svak. KIL får kontroll.
9 Tobbe bryt fint og prøver seg med ein krossar mot Kvåle. Ballen går heilt inn til V. Skjeldestad.
9 Farleg innlegg av Fjøra som nesten hadde snike seg inn i lengsta hjørna, Skjeldestad har kontroll.
10 Frode Kvåle skyt rett på Skeldestad i kamp med 2 KIL-spelarar. Ufarleg.
11 Kjappt frispark av KIL som kjem til innlegg. Hagen klarerer til kast.
11 Strypet er laus inne i FFK-boksen, men FFK-forsvaret er med og avklarar.
12 KIL har eit lite overtak no, men berre pitte-litt.
12 KIL prøver seg ved Strypet og Rygg, men Magnus er der og ryddar opp.
13 Gunnufsen går i offside.
14 Det skjer ikkje så mykje konstruktivt no. Mange duellar på midten.
15 Brukbart med folk på Fosshaugane i dag, de skal få talet seinare.
16 Anlegget på Fosshaugane er no reparert, og Tom må ta lagoppstillingane. Vert ein liten pause.
17 Då er me attende.
18 KIL med eit innlegg, men det har Fjøra-forsvaret kontroll på.
18 To kjempesjansar av KIL etter eit KIL innlegg. Begge skotforsøka vart blokka.
19 Frode Kvåle nesten igjennom, men får ikkje med seg ballen.
19 Nytt oppløp av KIL som kjem med eit innlegg, Kvam er i offside. Farleg!
21 Innlegg av Frode Kvam mot Strypet, men Magnus Breilid avklarar.
21 Innlegg KIL som Hovland går ut på. Får frispark.
22 Mykje oppstykka spel no.
23 Strypet med ballen på hjørna av 16-meteren til FFK. Breilid avklarar.
24 0-1, Frode Kvam
24 Frode Kvam kom seg laus på hjørna av 16-meteren og knalla ballen i lengste hjørna. Bra skot, men den kunne kanskje Hovland ha fakka. Uansett det er fortent at KIL leiar, har vore det førande laget.
25 Strypet på farten igjen, men Jarle Flugheim får gitt til innkast.
26 Corner til KIL. Fjøra sov litt der.
26 Ingenting ut av den corneren, Hovland boksar ballen ut.
28 Nei, det stemmer ikkje for Fjøra så langt i kampen, noko daudt over spelarane.
29 Frispark til FFK. Langt inn av Hagen, men KIL avklarar lett.
30 Fjøra er svake no. Er ikkje med i det heile.
31 Fjøra har fått frispark på hjørna av KIL sin 16-meter. Vert innoverskrudd av Jarle Flugheim.
32 For kort frispark, rett over dødlina.
32 Rebni prøver eit skot som vert blokka av Ole Morten Kvam.
33 KIL med kraftig press og Fjøra gjer feil etter feil.
34 Fjøra spelar på seg brot og KIL i angrep som Hovland må ut å nikka ballen vekk.
35 Einan vert kløppt ned inne i KIL boksen og skal ha ein soleklar straffe. Domar Haugland vinkar spelet vidare og Fjøra avsluttar rett på Vegard Skjeldestad.
36 Fjøra er litt meir med no.
38 0-2, Preben Strypet
38 Innlegg på bakerste som Frode Kvam nikkar inn att i feltet, og der står Strypet og nikka ballen lett i mål.
39 Frode Kvåle er laus inne i 16-meteren, men vert kontant stoppa av KIL-forsvaret.
40 Bra FFK spel men avslutninga frå Frode Kvåle frå 25 meter var for dårleg.
41 Innkast til FFK 10 meter frå KIL si kortline. Hatlevoll skal kaste langt. Rebni avklarar for KIL.
42 FFK får frispark på hjørna av KIL sin 16-meter. Vert teke av Hagen.
42 Innlegget går gjennom heile KIL-feltet, men Fjøra vert avblesen for offside. Men småfarleg!
43 Jørne Skjeldestad ligg nede.
43 Skjeldestad er oppe att.
44 Corner til KIL etter eit dårleg mottak av Jarle Flugheim.
45 Kjempesjanse når Strypet kom inn på første stolpe og heada ballen like over.
45 Pause.
  -----------------------------------------------------------------------
  Sørgjeleg tafatt omgang av Fjøra som ikkje har fått til noko som helst. Kaupanger har vore det beste laget og leiar heilt fortent 2-0. det kunne faktisk ha vore meir. Fjøra vart snytt for straffe, men det er slett ikkje difor dei ligg under til pause. Stor jobb må gjerast av Årøy / Almås i pausen om dette skal snu seg.
  -----------------------------------------------------------------------
45 2. omgang er nett starta, KIL med avspark.
45 Frispark til Fjøra som går heilt inn til Vegard Skjeldestad.
46 Omlag 150-200 på lektorna i dag.
46 Byte Fjøra: Geir Ove Fosse ut, Vegard Ruud inn.
47 Torbjørn Ylvisåker ligg nede.
47 Langt oppspel av KIL mot Strypet. Hovland har kontroll.
48 Tobbe er klar att til innsats.
48 Jamn opning på 2. omgang.
49 Innkast til KIL 10 meter frå cornerflagget til Fjøra. Fjøra ryddar opp.
50 Innkast til KIL på høgde med 16-meteren til FFK. Frode Kvam kjem til innlegg, men FFK klarerer.
51 KIL bryt ein farleg tversover frå Fjøra og kan koma, men dei utnyttar ikkje den kontringssjansen.
52 KIL-innlegg som går rett i klypene på Bjarte Hovland.
54 Tamt av Fjøra i starten.
55 1-2, Vegard Ruud
55 Flott førearbeid av Gunnufsen som lurte 3-4 KIL-forsvararar, la inn på første stolpe og der kom Ruud og kippa ballen i mål.
56 2-2, Morten Hagen
57 Fjøra kontra. Gunnufsen slo eit innlegg inn på bakerste stolpe til Ole Petter Hatlevoll som bommar. Men det vert ein god pasning som Hagen kinkar i mål.
58 Kampen svingar enormt no og den har teke seg opp. Først Fjøra i kontring deretter KIL på eit kjempe oppløp.
58 Rygg smell ballen i tverren! Gubbevares som kampen har teke seg opp.
59 Me lyt seie at Fjøra er heldige som har kome attende i denne kampen og har 2-2. Men det er kamp att, ingen tvil om det.
60 KIL med innlegg som Bjarte Hovland plukkar ned. han set fort igang.
61 2-3, Ole Einar Rebni
62 Fjøra søv på eit innkast, Rygg ko seg fri og la ballen ut til Rebni som lett skaut i mål.
64 KIL køyrde opp tempoet etter utlikninga til Fjøra og er best no.
65 Godt back-spel av Hatlevoll som stoppar FFKs Frode Kvåle på eigen 16-meter.
65 Kenneth Teigen, Kaupanger.
66 Innkast til FFK på høgde med KIL sin 16-meter. KIL dundrar den ut.
66 Preben Strypet kom åleine med Bjarte Hovland, men får ein dårleg førstetouch og Hovland vinn den duellen.
68 Frispark til Fjøra 10 meter inn på KIL sin banehalvdel. Vert nok eit legg frå Flugheim. Offside.
69 Det er nok KIL som er det førande laget no. Fjøra må snart setja inn ein sluttspurt skal dette gå vegen.
70 KIL prøver seg og kjem seg inn i FFK-boksen, FFK lagar etterkavrt frispark heilt ute på kanten.
71 2-4, Frode Kvam
71 Knallhardt innlegg som Frode Kvam brystar i mål. Fjøra ville ha hands.
72 Magnus Breilid, Fjøra
73 Tobbe på hjørna av 16-meteren til KIL, sler eit godt innlegg, men rett i klypene på Skjeldestad.
74 KIL og Frode Kvam kjem på oppløp, men god jobb av Ole Morten Kvam og Fjøra får kontroll.
75 Tobbe har illt i foten, ser ut som om han må ut.
76 KIL bryt ein dårleg pasning av Ruud, og kan kontre, men det orkar dei ikkje. FFK overtek.
77 Byte Fjøra: Torbjørn Ylvisåker ut, Jan Helge Elvekrok inn.
78 KIL-frispark midt på FFK sin banehalvdel. Innlegg som FFK gir til corner.
79 Breilid klarerer den.
80 KIL er best i det meste og styrer kampen mot eit Fjøra-lag med både bukse- og sokkasig.
81 Vegard Ruud med ei pasning som nesten nådde Frode Kvåle. KIL får kontroll.
82 Frode Kvåle slit med ein strekk.
82 Byte Fjøra: Ole Petter Hatlevoll ut, Tore Madsen inn.
83 Bra Fjøra-angrep som endar med skot av Vegard Ruud. Kapstad blokkerer. Bra Fjøra-sjanse.
85 Byte KIL: Preben Strypet ut, Kristian Opseth inn.
86 Gunnufsen er tom for krefter.
87 Skot av Frode Kvam, langt utanfor.
88 KIL i angrep, men Kristian Opseth vert avblesen for offside.
88 KIL i angrep, kjem åleine med Hovland som vartar opp med ei god redning.
89 Corner til Fjøra.
89 Stuss av Ole Morten Kvam, men KIL klarerer.
89 Byte KIL: Geir Håkon Rygg ut, Geir Cato Volle inn.
90 Kampen er slutt.
  -----------------------------------------------------------------------
  Kaupanger hadde kontroll i samtlege 90 minuttar av denne kampen, om me då ser vekk frå ein 2-minuttars periode i 2. omgang då Fjøra utlikna KIL si 2-0 leiing. Til tross for at dette var eit lokaloppgjer så var Fjøra forferdeleg tafatte og kom aldri i gang. Kaupanger vann fullt ut fortent og sigeren kunne jamvel ha vore større. Med denne sigeren kopierte KIL sin siste siger i serien mot Fjøra for 14 år sidan. Me gratulerer KIL med sigeren. Referat kjem seinare ein gong.

LAGA:
Fjøra FK Kaupanger IL
(4-1-3-2): (4-4-2):
Bjarte Hovland – Torbjørn Ylvisåker, Magnus Breilid, Ole Morten Kvam, Jarle Flugheim – Morten Hagen – Geir Ove Fosse, Ronny Einan, Ole Petter Hatlevoll - Johnny Gunnufsen og Frode Kvåle Vegard Skjeldestad – Bjarte Breilid, Jørn Skjeldestad, Mats Ludvig Kapstad, Leif Kåre Hatlevoll – Jon Arve Hatlevoll, Kenneth Teigen, Geir Håkon Rygg, Ole Einar Rebni – Preben Strypet og Frode Kvam
På benken På benken
Morten Nes, Tore Madsen, Vegard Ruud, Jan Helge Elvekrok og Even Rømo Rune Loven, Terje Thorsnes, Ørjar Hjellaug, Eirik Nedrehagen, Geir Cato Volle og Kristian Opseth
 
Innbyrdes oppgjer: Fjøra - Kaupanger 6 3-2-1 20-11.
 
Slik gjekk det sist: 2-2 i fjor.

Sida vert automatisk oppdatert per 60. sekund.
Symbola er henta frå www.vg.no og www.til.no.

Hit Counter