Fjøra FK - Eid IL    3-1  (2-0)

Sognahallen, fredag 5. september 2008 kl 19:00
17. serierunde Firdaligaen

 


1-0 9 Frode Kvåle
2-0 38 Arild Underdal
3-0 62 Arild Underdal
3-1 73 Kristoffer Aarskog
     
     

    Dette vart ein skikkeleg slitekamp av Fjøra, men dei vinn kampen på stor effektivitet samt at dei var flinke til å reinska unna det som kom av innlegg frå Eid. Eid burde nok ha scor på sjansane sine i 1. omgang, men dei var ikkje effektive nok i dag. Og dette var på mange måtar skilnaden på laga i dag. Eid spelte ein god kamp og gav nok Fjøra meir kamp enn det heimelaget sette pris på. Me sjølvsagt mest nøgd med at Fjøra vinn 3-1 på ein dag der dei ikkje heilt hadde dagen. Det er ein eigenskap det også. Me takkar før følgjet og ynskjer velkomen attende neste helg då Fjøra tek turen til Øvre.
    ------------------------------------------------------------------------
90   Kampen er slutt.
90   Corneren avklarar Fjøra i returrommet, men der står ein Eidar og knallar til. Fjøra blokkerer skotforsøket.
89   Eid med frispark på midten, kjem med legg som Kyrre Mats Myren gir til corner pressa i ryggen som han er.
89 Byte Fjøra: Torbjørn Ylvisåker ut, Sigurd Fardal Nes inn.
88   Frispark til Fjøra 10 meter inn på Eid sin banehalvdel. Vart slege ut til Frode Kvåle, men Eid takla og seg i gang eit angrep som enda med eit bra skot. Loven har kontroll.
88   Først sette Nilsen inn ei kjempetakling, så gjorde Myren det. Knalljobbing defensivt.
87   Myksvoll med eit forsøk inne i boksen til Eid men vart takla på nytt.
86   Tobbe med svak pasning på midten og Eid kunne koma. Eid velgjer å roe ned før dei sender avgarde eit innlegg som gjekk over målet til Loven og dermed utspark.
85   Eid pøsar på med lange ballar, men Ole Morten Kvam brystar ballen ned til eigen keeper.
84   Myksvoll nesten på veg til å tråkla seg igjennom, men vart takla i siste augnablikk.
84   Eid etablerer utanfor boksen til Fjøra, sler eit innlegg men der er det ingen gule og Fjøra roar ned.
83   Myksvoll bryt og Fjøra kunne koma på ei kontring. Litt for upresist og Eid tek over.
82   Bra Eidsjanse som enda med eit skot utanfor.
80 Byte Fjøra: Ingmar Sægrov ut, Andreas Kvåle Myksvoll inn.
79 Byte Eid: Johannes Myklebust ut, Arild Rindal inn.
78   Ruud jobbar knallhardt på midten og Fjøra tek over. Vart ei avslutning av Ruud over.
77   Innkast til Eid på høgde med 16-meteren til Fjøra. Kom til innlegg som Fjøra avklara i første omgang. Nytt innlegg som Loven er ute og held. Eid tydeleg inspirert av reduseringa si no.
76   Både Fjøra og Eid er kyniske i spelet sitt no.
75   Frispark vart slege inn i boksen, Tobbe låg nede og Aarskog stussa ballen i mål. Flugheim var rasande på domaren etter at Fjøra ikkje fekk frispark i situasjonen.
73 Terje Flugheim, Fjøra.
73 3-1, Kristoffer Aarskog
73 Byte Eid: Anders Midthjell ut, Kristian Kongsvoll inn.
72 Vegard Ruud, Fjøra.
72   Underdal laus inne i boksen etter ei brillefin kontring. Underdal skaut via ein Eidar og rett i klypene til Rise.
71   Eid etablerer bra trykk oppe på Fjøra sin banehalvdel, men Fjøra jobbar godt og vinn til slutt ballen.
70   Jarle Flugheim lada kanona, men skotet gjekk rett på Sindre Rise.
69   Fjøra får frispark på 16 meteren til Eid etter eit flott raid av Tobbe.
68   Stryn - Årdal 4-2. Kaupenger - Skavøypoll 3-3. Desse kampane er ferdigspelte.
67   Innkast høgt oppe på Eid sin banehalvdel, Fjøra tek det raskt, men Eid tek over.
66   Aarskog fekk stå åleine ute i bvoksen og fekk til ei avslutning som gjekk rett på Rune Loven.
66   Balsnes fekk stå heilt åleine, men mottaket var dårleg og Fjøra tek over.
65   Frode Kvåle med eit flott raid, men vart takla rett før han skulle sentre til Underdal.
64   Eid på besøk oppe på Fjøra sin banehalvdel, men Fjøra klarerer slik som så mange gonger før i denne kampen.
63   Ole Morten Kvam slo ballen inn i boksen, Underdal sprang inn mot ballen og sette den i flott boge over Rise og i mål. Fantastisk prestasjon av Underdal. Toppscorar i Firdaligaen.
62 3-0, Arild Underdal
62   Frispark til Fjøra.
61   Prøvde seg med eit skot på frisparket mot lengste kryss. Utanfor og over.
60 Byte Eid: Eivind Daniel Røed ut, Henning Haugen inn.
60   Frispark til Eid 5 meter utanfor 16-meteren til Fjøra. Farleg lege.
59   Eid med bøttevis av innlegg, men inne i boksen står Terje Flugheim og reinskar unna det som kjem. Bauta!
58   Like etter ville dei ha straffe, fekk corner istaden.
58   Kjempesjanse til Eid, men fekk ikkje avslutta godt nok.
58 Byte Fjøra: Eilert Brox Holme ut, Vegard Ruud inn.
57   Eid bryt eit Fjøraforsøk og kom i angrep.
56   Sægrov i kontring, ser at Rise står langt ute og prøver ein lobb. Over.
56 Eilert Brox Holme, Fjøra. Må sone neste kamp.
55   Corneren går igjennom heile Eidfeltet og det er like før Ole Morten Kvam set den i mål. Eid fekk klarert.
55   Innkast til Fjøra på høgde med Eid sin 16-meter. Stuss bak i feltet av Fjøra og Eid gir til corner.
54   Innlegg av Hammer som går langt over mål.
53   Eid styrer kampen no, virkar langt friskare enn heimelaget.
53   Eid på ny visitt, men ballen opp i taket og dropp.
52   Stor Eid sjanse på den corneren ved Starheim. Rune Loven ligg stive nede i hjørna og reddar. Såg den i mål.
52   Ein Eid-spelar drog seg innover og skaut, men via Terje Flugheim og til corner. Eid best no.
51   Eid braut eit Fjøraforsøk og Eid kunne komma i angrep. Ole Morten Kvam set inn ei skappeleg takling og Fjøra tek over.
51 Byte Eid: Espen Vadøy ut, Karl Erik Aarsheim inn.
50   Fjøra i angrep, men det vart litt for upresist.
50   Skjer ting andre plassar: Stryn - Årdal 3-1, TMFK - Høyang 3-0, Selje - Førde 0-1 og Kaupanger - Skavøypoll 2-2.
49   Fjøra ligg betre i rammene sine no ser det ut til og det gir ikkje Eid deti romma dei hadde i 1. omgang.
49   Jamn start på 2. omgang, kanskje med eit lite overtak til Eid som må fram for å putte.
48   Frispark til Eid på 25 meter. Terje Flugheim nikkar ballen ut frå femmeteren.
47   Eid med eit innlegg som går rett i klypene til Rune Loven.
46   Fjøra har lagt seg litt nedpå ser det ut som no i starten. Prøver vel mottrekk til Eid si spreke midtbane i 1. omgangen.
46   Andre omgang er nett starta, Fjøra med avspark.
    ------------------------------------------------------------------------
    Tja, kva skal me seie til dette. 2-0 til Fjøra er av den flatterande sorten og Eid hadde iallefall fortent eit mål om ikkje to. Eid har sluppe altfor lett til på midtbana i denne omgangen og kome til ein del sjansar og mange innlegg. Det kom seg litt av Fjøra på midten mot slutten av omgangen, men Fjøra har ein jobb å gjera med å settja formasjonen på midten. Fjøra har vore farlege på kontringar og når dei får bakrom. Straks attende med 2. omgang.
    ------------------------------------------------------------------------
45   Pause.
45   Innlegg av Eid som gjekk over Myren, men på bakerste stod Jarle Flugheim og stanga ballen utover.
44   Ny avslutning av Eid etter at dei spelte seg gjennom på midten. Rett på Loven. Tykkjer Eid kjem litt for lett til.
43   Eid fangar opp legg inn, men Fjøra klarerer igjen. Eid fekk til slutt avslutta frå 40 meter. Lompe som trillar inn til Loven.
42   Eid prøver seg på gjennombrot, men Fjøra avklarar.
41   Tobbe med to innlegg som båe vart klartert.
41   Innlegg av Eid, Lover er ute og boksar og Fjøra tek over. Kontring som vart stoppa av Eid.
40   Avslutning av Eid 2 meter over.
39   Frisaprk Eid på 20 meter. Rett i muren, men Eid får nytt frispark i same posisjon.
38   Fjøra braut på eigen 16 meter, sette i gang Nilsen som spelte Underdal åleine igjennom. Underdal lobba ballen i mål.
38 2-0, Arild Underdal
37   Klabb og babb inne i Eid-boksen, før Eid fekk klarert. Fjøra etablerer press og Holme får ballen på blank kasse. Diverre avblesen for offside. Feilaktig?
37   Bra Fjøraspel som enda med eit innkast høgt oppe på Eid sin banehalvdel.
36   Vegard Ruud er i oppvarming for Fjøra.
35 Sægrov låg nede etter ein trøkk i brystet. Er oppe att.
34   Stryn - Årdal 1-1.
34   Innlegg av Eid, men Jarle Flugheim knallar ballen opp på bana.
33   Heilt open kamp dette.
33   Ingenting ut av det frisparket til Fjøra og Eid kontrar. Får frispark som det ikkje vart noko ut av.
32 Stian Sandal, Eid.
31   Eid bryt Fjøra på midten, men Ole Morten Kvam bryt og får frispark.
30   Holme prøvde seg med ein stikkar mot Underdal, men for upresist og Eid tek over.
30   Innlegg av Eid og Aarskog som vart blokkert og Fjøra tek over.
29   Fjøra i angrep, og dei fekk til ei slags avslutning, men ufarleg.
28   Ingenting ut av det frisaprket. Fjøra får frispark i situasjonen.
28   Eid med frispark like utanfor 16-meteren til Fjøra.
27   Fjøra og Nilsen ville ha starffe. Nei sa domaren.
27   Eid klarerer to gonger på rappen etter det innkastet.
27   Innkast til Fjøra på høgde med Eid sin 16-meter.
26   Frispark Eid som dei tek fort. Kom til avslutning som går rett på Loven. Ufarleg.
26   Langt innkast av Nilsen som Rise er ute på, men mister ballen. Ein forsvarar avklarar.
25   Fjøra i kontring og det vart ein kjempesjanse. Holme legg inn til Underdal som klinka til frå hjørna av 16-meteren. Rise vartar opp med kjemperedning og ballen ut til innkast.
24   Nytt innlegg av Eid, stuss og avslutning i stolpen! Flaks no Fjøra. Eid køyrer kampen dugeleg.
24   Innlegg av Eid som gjekk rett i klypene på Loven. Dafft av Fjøra i forsvaret.
23   Fjøra finn ikkje rette formnasjonen på midtbana si. Eid får altfor lett spelerom der.
22   Eid kjem på nytt og Fjøra har litt problem akkurat no. Trur dei må gjera grep på midten.
22   Eid med langt framspel, Brox Holme klarerer.
21   Eid langt meir med og det er dei som skapar sjansane no.
20   Fjøra fekk avklara den corneren etter litt klabb og babb.
20   Knallskot av Eid, Loven redda flott, returen vert sett mot mål og der stod Terje Flughyeim og nikka over til corner.
19   Tobbe må takle og det vert frispark til Eid like utanfor 16-meteren til Fjøra. Farleg lege.
19   Rise er ute og plukkar og set i gang ei kontring.
19   Kort corner og innlegg av Kvåle. Til ny corner.
18   Fjøra i angrep, innlegg mot Underdal som avslutta med ein gong. Via ein Eidforsvarar og til corner.
17   Lissfarleg corner som Nilsen bommar på, og ein Eidar får stå heilt åleine og setje ballen utanfor.
16   Eid yppar seg og kom til innlegg, farleg. Ove Balsnes med dårleg mottak, elles hadde stått 1-1. Corner.
15   Stryn - Årdal 0-1.
13   Bra trøkk av Fjøra inne i boksen til Eid og det vart ei avslutning av Eilert Brox Holme 1 meter over.
13   Nytt innkast til Fjøra høgt oppe på banehalvdelen til Eid.
12   Fjøra kjempar etter det lange innkastet og Underdal pådreg seg også frispark i situasjonen. Eid tek over.
12   Innkast til Fjøra på høgde med 16 meteren til Eid.
11   Fjøra har teke tak no. Men det har jeddna vore litt for ubesluttsomt bakover av Fjøra.
10   Myren slo fram til Tobbe, som vart takla. Ballen opp i lufta, som Underdal stussa oppatt i lufta og Kvåle avslutta slik at ballen så vidt rulla over streken.
9 1-0, Frode Kvåle
8   Eid på eit oppløp og avslutning frå 30 meter, langt utanfor.
8   KIL - Polljen 2-1.
7   TMFK - Høyang 1-0.
7   Fjøra i angrep og dei kom seg fram til eit innlegg som gjekk rett i klypene på Rise.
6   Bra med folk på kamp til tross for at det går 2 andre kampar parallelt i kommunen, ca 50-60 derav ein ivrig supportargjeng frå Nordfjordeid.
6   Jamn opning på kampen.
5   Arild Underdal stussa ballen over mål på det frisparket.
5   Frispark til Fjøra som dei prøvde å ta fort. Vert stoppa av domar Grindheim. Vert innlegg i stadion.
4   Eid med innlegg som Myren stoppar. Fjøra overtek.
4   Flugheim kom innpå att akkurat no. Ser ut til å gå bra med hardhausen.
3   Røed ramla og det var like før Underdal stakk igjennom. Ein Eid-forsvarar fekk rydda unna i siste liten.
3 Skade på Terje Flugheim og Ove Balsnes. Har vore stopp i spelet siste minutten.
2   Hadde nett sagt det så kom det 2 kjappe. KIL - Polljen 1-1.
2   Mållaust i samtlege andre kampar etter 30 minuttar. Nesten utruleg.
1   Langt innkast som gjekk over Terje Flugheim og inn til Sindre Rise.
1   Innkast til Fjøra på høgde med Eid sin 16 meter.
1   Eid med eit langt oppspel, som går heilt inn til Loven.
1   Kamper er i gang, Eid hadde avspark.
    ------------------------------------------------------------------------
    Laga er klare sjå under.
  Dagens domar er Øyvind Grindheim, Svelgen T&IL. Som assistentar på kvar si side har han Stian Aaland, Haugen, og Irmelin Hope Skjerven, Kaupanger. Me ynskjer trioen lukke, lukke til!
    Me kjem attende med lagoppstillingar og anna adekvat informasjon når det nærmar seg kampstart, kl 19:00.
 

LAGA:
Fjøra FK Eid IL
(4-4-2): (4-4-2):

Rune Loven – Kyrre Mats Myren, Ole Morten Kvam, Terje Flugheim, Jarle Flugheim – Eilert Brox Holme, Jens-Ivar Nilsen, Torbjørn Ylvisåker, Ingmar Sægrov – Frode Kvåle og Arild Underal

Sindre Rise – Johannes Myklebust, Eivind Daniel Røed, Thomas Starheim, Bjørnar Strandos – Stian Sandal, Petter Hammer, Anders Midthjell, Espen Andre Vadøy – Kristoffer Aarskog og Ove Balsnes

På benken På benken
Bjarte Hovland, Warsame Adam, Andreas Kvåle Myksvoll, Sigurd Fardal Nes og Vegard Ruud Arild Rindal, Henning Haugen, Kristian Kongsvoll, Karl Erik Aarsheim og Geir Moldestad
 
Innbyrdes oppgjer: Fjøra FK - Eid IL  19 11-6-2 41-25.
 
Slik gjekk det sist: Det enda 2-2 i 2007.
 

Sida vert automatisk oppdatert per 60. sekund.

Online: 

Hit Counter