Fjøra FK - Førde IL    0-3  (0-1)

Sognahallen, fredag 15. februar 2008 kl 18:00
Treningskamp
 


31 0-1 Steinar Tenden
66 0-2 Ole Martin Sunnarvik
71 0-3 Steinar Tenden
     

    Me kjem attende med eit kort referat og bilete seinare. I Sognahallen losa Tom W. Navarsete oss stødigt igjennom 2x45 og i Romssa sat Jan Ante Birdstep og skreiv til krampa tok han.
    3-0 til Førde er eit greitt resultat slik denne kampen vart. Fjøra fekk det svært tungt i 2. omgang og Førde viste seg å stå distansen betre enn Fjøra. Fjøra er brukbart med i 1. omgang og skapar sjansar, men i 2. omgang var det langt imellom målsjansane. Fjøra slepp inn 2 mål på corner i dag og det er ikkje bra. Tap til tross, Fjøraspelarane står på og gir det dei har og nok ein gong skal dei ha ros for innsatsen.
    -----------------------------------------------------------------------
90   Kampen er slutt.
90 Jarle Flugheim, Fjøra.
90   Wolffen lurer på om kjeringi hass har laga noko godt te han kjeme heimatte. Han seier han ikkje reknar med det :-).
90   Båe lage er slitne, Fjøra mest.
89   Skjer lite og både Fjøra, Førde og me ventar på at Skjerven skal blåse av.
87   Innlegg av Førde, rett i Nilsen.
87   Litt lite som skjer no.
85   Innlegg Fjøra, men Tommy Dahle nådde ikkje heilt fram. Men ein bra sjanse til Fjøra der.
84 Byte Fjøra: Frank Elvagjeng ut, Tommy Dahle inn.
83   Frispark til Fjøra 15 meter inn på banehalvdelen til Førde. På innlegget krasjar 2 FFK-spelarar, men det går bra med både Underdal og Hatlevoll.
82   Førde i kontring ved Charles, innlegget går heilt over til Tangedal, men Fjøra får til slutt kontroll.
81   Frispark til Førde ute på kanten, men det vert slege rett i klypene på Bjarte Hovland.
81   Det virkar som at Førde er ein tanke nøgde også.
79   Oppspel av Fjøra som er i offside. Fjøra har ikkje skapt noko spesielt i 2. omgang.
78   Skot av Tenden langt utanfor.
78   Frispark til Førde på 20 meter litt skrått på Fjøramålet.
77   Bra avslutning av Langedal etter at han takla Evensen og avanserte 30 meter. Avslutninga vart for dårleg.
74   Førde avklarar corneren på første stolpe.
73   Corner til Fjøra.
73   Flott Førdespel og Tangedal kom igjennom og skaut like over. Stor sjanse. Det virkar som at lufta har gått litt ut av Fjøra.
72   Langt framspel av keeper Ole Martin Eide, Frode Kvåle lot ballen gå då han sikkert trudde at ballen gjekk heilt inn til eigen keeper. Det gjorde den ikkje og Steinar Tenden skaut ballen i mål på halvspretten.
71 0-3, Steinar Tenden
70   Corner til Førde som Fjøra avklarar.
69   Hovland mista ballen, men Fjøra fekk avklara likevel.
69   Førde er det førande laget no.
68   Corner til Fjøra. Førde avklarar og ballen hamnar hjå Kujtim som avsluttar. Ballen trillar inn til Eide i Førdemålet.
66 0-2, Ole Martin Sunnarvik
65   Innlegg av Førde som vert avklara i returrommet. Kanonkule av Førde frå 25 meter som Hovland fistar til corner.
64   Innlegg av Jarle Flugheim retning Kujtim, men Førde avklarar.
63   Skjer lite akkurat no.
61 Byte Fjøra: Tommy Dahle ut, Stian Solberg inn.
60   Avslutning frå 30 meter av Førde som triltar inn til Hovland i FFK-buret.
59   Andre omgang har vore relativt jamn, men Førde har kome litt no på slutten.
58   Legg av Frode Kvåle som vart stussa rett i klypene på Eide.
57   Fjøra og Tommy Dahle kom seg fram på kanten etter at han stal ballen frå Førde. Fekk frispark på 30 meter.
56   Nytt innkast til Fjøra 10 meter frå dødlina, men ingen ting ut av det kastet.
55   Klabb og babb inne i feltet til Førde, men bygutta får avklart.
55   Fjøra set raskt i gang og vinn eit innkast 5 meter frå daudlina til Førde.
55   Bjarte Hovland er ute og boksar ballen opp i lufta. Fakkar 2. ballen også.
54   Førde kom på ein overgang som enda med innlegg som Jens-Ivar Nilsen avklara til corner.
52   Underdal kom seg nesten heilt igjennom, men eit litt for dårleg mottak gjorde at ballen gjekk heilt inn til Ole Martin Eide.
51   Kujtim vert takla og Charles tek over og kjem til innlegg som Fjøra avklarar.
51   Underdal mottek ballen feilvendt inne i boksen til Førde. Offside.
50   Hatlevoll til lina og prøver eit innlegg. Benny Gullfot stoppar legget og set i gang Charles.
49   Jamn opning i 2. omgang, mykje spel har føregått på midten.
48   Innlegg av Frank Elvagjeng mot Langedal, men det vert dømt frispark i mot.
47   Sverre Martin Langedal fekk eit oppspel, men Førdeforsvaret har god kontroll.
46 Byte Fjøra: Terje Flugheim og Stian Solberg ut, Ole Petter Hatlevoll og Kujtim Marmellaku inn.
46   Andre omgang er i gang, Førde med avspark.
    -----------------------------------------------------------------------
    Førde opna kampen best og sette Fjøra under press i frå starten av. Førde spelte tidvis godt og skapte nokre sjansar som kunne ha resultert i mål. Men utover i omgangen heva Fjøra seg og kom til klare målsjansar, mellom anna eit brent straffespark og eit stolpeskot. Førde spelemessig best, men Fjøra har skapt dei største sjansane. Førdeleiing ved pause er likevel greitt då dei har vore best spelemessig.
    -----------------------------------------------------------------------
45   Pause.
45   Charles viser eit stort fintereportoar og lurer 3 Fjøraspelarar, men ingen ting ut av situasjonen.
45   Lurt skot av ein Førdespelar og Bjarte Hovland får redda fint.
44   Førde avklarar og set i gang ei kontring, men Terje Flugheim har kontroll.
44   Innkast til Fjøra på høgde med 16-meteren til Førde. Langt innkast.
43   Avslutning frå Førde frå 16 meter, slappt skot som Hovland fakkar lett.
42   Fjøra har heva seg ein god del dei siste 15-20 minuttane.
42   Gjennomspel mot Sverre M. Langedal som er i offside.
41   Frisparket til Fjøra gjekk heilt inn til Førdekeeper Eide.
40   Nytt frispark til Fjøra på hjørna av 16-meteren.
40   Frispark til Fjøra ute på kanten. Smart frispark, men Førde avklarar.
39 Byte Førde: Terje Sørbø ut, Ivan Dvergsdal (?) inn.
38   Innlegg av Underdal som sprakk forbi ein Førdespelar og Fjøra fekk nesten sett den i mål. Stor sjanse.
37 Nasablodet renn hjå ein Førdespelar. Stopp i spelet.
36   Stuss frå Førde som gjekk langt utanfor.
35   Tangedal i farta, Fjøra avklarar til innkast som Flugheim må gi til corner.
34 Byte Førde: Tor Are Dvergsdal (?) ut, Charles inn.
34   Innlegg Førde, Terje Flugheim avklarar ut i returrommet og Førde etablerer eit vist trøkk.
33   Sverre Martin Langedal prøvde seg med ein frekk ein, men ballen går over kortlina og til bekkaspark.
33   Skot av Tangedal, men i ein Fjøraspelar og Fjøra tek over.
32   Tenden fekk stå åleine på 5 meter og heade ballen i mål.
31 0-1, Steinar Tenden
30   Langt innkast og i ein duell så gir Jens-Ivar Nilsen corner.
30   Frispark til Førde ute på kanten som går rett i Tommy Dahle og til innkast.
29 Stian Solberg, Fjøra.
29   Førde inn i boksen til Fjøra, avsluttar med skot rett på Bjarte Hovland.
28   Innlegg av Førde, men Stian Solberg ryddar unna.
27   Langt oppspel igjennom av Førde, offside.
27   Førde fekk nesten ein gratissjanse etter slurv i Fjøraforsvaret, men dei får rydda opp.
26   Straffen kom etter at Tommy Dahle sprang i frå Førde sin back. Han vart felt i skotaugneblinken og straffen var klar.
25   Frode Kvåle bomma på straffen.
24   Straffe til Fjøra.
23   Omlag 43.233 tilskodarar i dag, delt på 10.000. Då er stort og smått teke med.
22   Førde har trøkket enno, men Fjøra er med.
21   Stor sjanse til Underdal som vende seg rundt inne i boksen og skaut i stolpen etter eit frispark frå Frode Kvåle. Returen mot Tommy Dahle som ikkje nådde heilt fram. Førde fekk avklart til slutt.
20   Dårleg utspel av Førdekeeper og Fjøra får innkast 20 meter frå daudlina til Førde. Langt innkast og litt klabb og babb inne i feltet men Førde og Tangedal set i gang ei kontring.
18   Fjøra prøver å slå igjennom både Lange- og Underdal, men Førde er godt med og får kontroll.
18   Solberg med eit langt oppspel mot Underdal som var i offside ifølgje linjemannen me ikkje veit nabnet til.
17   Fjøra prøvde seg på eit gjennomspel mot eit høgtståande Førdeforsvar. Det lukkast ikkje.
15   Innlegg bak mål av Fjøra.
14   Avslutning av Steinar Tenden frå 11 meter etter godt trøkk og gjenvinning. Tenden bles ballen over. Stor Førdesjanse.
14   Førde har etablert eit press på Fjøra no.
13   Liten missforståing mellom Terje Flugheim og Bjarte Hovland, men Førde angrepet var ikkje vakne nok og Fjøra fekk kontroll.
12   Førde prøvde seg på nytt, men Terje Flugheim stoppa det forsøket.
12   Førde fekk frispark ute på kanten 30 meter frå Fjøramålet. Fjøra avklarar det legget.
11   Underdag går i offside etter eit framspel av Underdal.
10   Ingenting ut det kastet.
9   Dårleg pasning i Førdeforsvaret og Fjøra får innkast 15 meter innpå banehalvdelen til Førde.
8   Fin-fint Fjøraspel, men Førde får rydda opp.
7   Stor Førdesjanse etter fin pasning igjennom av Evensen. Avslutninga redda Hovland til corner som gjekk i nettveggen.
6   Førde avklarar frisparket ut i returrommet til Kvåle som skaut frå 20 meter. Fekk ikkje skikkleg dreis på skotet.
6   Frispark til Fjøra heilt nede på dødlina til Førde.
5   Førde med eit lite overtak dei første 5 minuttane.
4   Innlegg av Førde, men nok ein gong rett i klypene på Hovalnd i FFK-buret.
3   Førdekeeper med dårleg framspel, rett i føtene på Frode Kvåle som prøver seg med eit skot frå 40 meter. Over.
3   Førde med eit innlegg som Bjarte Hovland er ute og plukkar ned.
2   Ingenting ut av innkastet.
2   Førde småspelar litt i eige forsvar før dei spelar langt og vinn innkast på høgde med Fjøra sin 16-meter.
1   Førde med langt oppspel som Fjøra avklarar til innkast midt inn på Fjøra sin banehalvdel.
1   Fjøra rett i angrep og det var like før Sverre Martin Langedal kom åleine igjennom. Skulle kanskje hatt corner der Langedal.
1   Kampen er i gang, Fjøra med avspark.
    -----------------------------------------------------------------------
  Domar i dag er Tommy Skjerven, Kaupanger. På eine lina går Thor Kristian Sortevik, medan han på andre streken er noko ukjent for the time beeing.
    Førde sitt lag er klart også. Dei kjem med heile arsenalet sitt.
    Fjøra sitt lag er klart og kva for nokre kaniner trenarduoen har trekt opp or flosshatten ser du under her. Førde si lagoppstilling kjem me attende til.
    Me kjem attende med litt info om lagoppstillingar etc. når det nærmar seg kampstart, kl 18:00.
 

LAGA:
Fjøra FK Førde IL
(4-4-2): (4-5-1):
Bjarte Hovland - Torstein Hamre Yttri, Stian Solberg, Terje Flugheim, Jarle Flugheim - Frode Kvåle, Frank Elvagjeng, Jens-Ivar Nilsen, Tommy Dahle - Sverre Martin Langedal og Arild Underdal Ole Jørgen Eide - Eirik Flatjord, Øystein Vetti, Terje Sørbø, Tor Are Dvergsdal - Tore Evensen, Ruben Holsæter, Benny Rivedal, Kim Tangedal, Thomas Fjørstad - Steinar Tenden
På benken På benken
Rune Loven, Ole Petter Hatlevoll, Kujtim Marmellaku, Jan Rune Årøy og Asle Hillestad Ole Henrik Gulliksen, Ivan Dvergsdal, Charles og Ole Martin Sunnarvik
 
Innbyrdes oppgjer: -
 
Slik gjekk det sist: -

Sida vert automatisk oppdatert per 60. sekund.

Online: 

Hit Counter