Lærdal IL - Fjøra FK    2-4   (1-1)

Lærdal kunstgras, torsdag 24. januar 2008 kl 18:00
Treningskamp
 


0-1 2 Frank Elvagjeng
1-1 37 Leif Tore Aasen
2-1 55 Thomas Lunde
2-2 70 Sjølvmål
2-3 73 Arild Underdal (straffe)
2-4 89 Ole Morten Kvam
     

  Me kjem attende med eit referendu og bilete seinare i kveld. No er me i gang!
  Fjøra vann ein fortent siger i dag. Laget varierte for mykje i prestasjonane frå det strålande til det mindre bra. Flott at laget kom attende etter å ha lege under 2-1 og ein svak perioden fram mot miften av 2. omgang. Offensivt stemmer det godt periodevis, defensivt er det ein del å retta på. Det vert spelt litt på for små marginar mot etablert forsvar og det enda altfor ofte med brot imot. Likevel tek me med oss det positive i kampen vidare.
  -----------------------------------------------------------------------
90 Kampen er slutt.
90 Frank Elvagjeng sler eit frispark inn i feltet, duell inne i feltet og ballen hamna hjå Ole Morten Kvam som sette ballen i mål.
89 2-4, Ole Morten Kvam
85 Tilskodartalet i dag: Halva Lærdal (ca. 60 istad, men som no har kome seg ned i godstolen og skal sjå ein uinteressant handballkamp :-)
82 Lærdal spring mykje i mellom no. Fjøra har kontroll og spelar ut Lærdal.
81 Fjøraspelarane står bra på og det er ein positiv tone i laget. Kampen har jamna seg litt meir ut etter Fjøra sin gode periode for litt sidan.
80 Ingen fleire mål siste 5 minuttane, men Lærdal har vel hatt ein halvsjanse.
73 Sikker og god straffe av Underdal. Tommy Skjerven gjorde forøvrig heilt rett i situasjonen. Straffen var soleklar til tross for at Lærdal ikkje var nøgde med avgjerdsla.
73 2-3, Arild Underdal (straffe)
72 Straffe til Fjøra.
70 Skal også ta med at Lærdal hadde eit skot i tverren.
70 Fjøra har endeleg kome i gang skikkeleg og køyrer kampen skikkeleg. Forutan scoringa så har Fjøra hatt fleire gode scoringstilbod. Scoringa til Fjøra kom etter ein corner av Ole Morten Kvam og massivt FFK-trykk inne i boksen.
70 2-2, Sjølvmål
62 Skotforsøk av Lærdal som Loven plukkar ned. Keepermat.
61 Fjøra med ein brukbar sjanse der Underdal fekk stussa eit innlegg. Lærdal fekk kontroll.
60 Jamn kamp for augneblikket. Fjøra slit med mange brot i mot.
55 Kjempescoring av Lunde. Etter et brot på Fjøra sin banehalvdel fekk Lunde ballen på 20 meter og murte ballen opp i krysset.
55 2-1, Thomas Lunde
52 Fin flikk av Underdal mot Sægrov som sler inn. Lærdal fekk klarert til kast og unngjekk corner i mot.
51 Litt småampert no før Lærdal la ballen inn i Fjøraboksen. Rune Loven måtte ut i strekk på det legget.
50 Lærdal stiller med følgjande lag: Einvald Aspevik – Olav Haugen, Øystein Lindesteg Rinde, Roy Fjellstad, Joar Vatlestad – Serif Isic, Thomas Lunde, Sjur Ness – Leif Tore Aasen, Knut Egil Blaaflat, Christoffer Jerving
47 Fjøra har hatt ein sjanse no i opningen.
46 Byte Fjøra: Trond Eirik Feet ut, Jens-Ivar Nilsen inn.
46 2. omgang er i gang.
  -----------------------------------------------------------------------
  Kampen byrja bra for Fjøra og dei gjekk også kjapt opp i føringa. Fjøra var i starten av omgangen friske og gode offensivt og førte kampen klart spelemessig. Etterkvart kjempa Lærdal seg inn att i kampen og kom på eit par visittar. Fem minutt før pause utlikna Lærdal og uavgjort ved pause er forsåvidt greitt nok. Fjøra har det beste spelet, Lærdal satsar på brot og kontringar. Me får håpa at Fjøra løftar seg i 2. omgang.
  -----------------------------------------------------------------------
45 Pause.
43 Lærdal kom seg igjennom åleine med Rune Loven men sistnemnde redda fint.
43 Lærdal på farten, men Fjøra får etterkvart frispark.
41 Lærdal spelar ein god del på kontringar som dei også har utnytta. Det at det står 1-1 er ikkje direkte ufortent heller ut frå sjansar. Fjøra har hatt det meste av spelet, men ikkje skapt mange nok store målsjansar. Har vore bra offensivt. Det er vala i forsvar og på midten det har skorta litt på.
39 Byte Fjøra: Tommy Dahle ut, Christian Sundsteigen inn. Tommy hadde tendens til strach.
38 Lærdal utnytta ein miss i Fjøraforsvaret og bryt. Ballen hamna ute på kanten til Aasen som lurte av Ole Morten Kvam og skaut kontrollert inn i hjørna.
37 1-1, Leif Tore Aasen
32 Elles har det gått fint føre seg på kunstgraset i Lærdal. Tommy Dahle har fått ein advarsel frå ein myndig Tommy Skjerven utan at han fekk sjå det gule kjekset.
27 Fjøra har vore litt for slurvete dei siste 10 minuttane, og Lærdal har som sagt ikkje vore ueffne. På Golf-språket (som er utbreidd inne i Lærdal) så kan me vel oppsummera det slik: Har vore inne på greenen ein par-tre vende utan å putta.
25 Ein Lærdalsspelar vart spelt åleineigjennom etter ein feilpasning av Kujtim. Lærdalspelaren prøvde ein lobb som hamna i fanget på Rune Loven.
24 Lærdal har kome litt meir med og kome til nokre sjansar som dei kunne ha putta på. Men den største sjansen hadde Øystein Myrkaskog då han kom åleine med keeper utan å overlista han.
18 Frank Elvagjeng var på veg igjennom Lærdalsboksen, men ein lirdøl fekk skjerma ballen over kortlina og til bekkaspark.
16 Nytt praktangrep av Fjøra. Spelte seg flott fram via midtbana. Ballen ut til Dahle som la inn i feltet. Elvagjeng heada over.
16 Bra Fjøraspel. Kujtim finn Dahle ute på kanten som legg ballen mot Underdal som prøver å lure av ein mann. Misslukkast.
15 Lærdal med eit skotforsøk som går 2 meter over.
14 Framleis 1-0 til Fjøra og det er fjøredn som har trykket. Har også hatt nokre halvsjansar. Tempoet er brukbart, men Fjøra har litt problem med å halda ballen i laget.
8 Lærdal var på ein liten visitt, men Ole Morten Kvam fekk rydda opp. Lærdal litt meir med dei siste minutta enn dei var i starten.
7 Fjøra trykkjer Lærdal bakpå. Fjøra spelar bra fotball og både Tommy Dahle og Myrkaskog har vist flotte prestasjonar og at dei har mykje fotball i seg. Av sjansar så har Kujtim hatt ei brukbar avslutning.
4 Me kjem til å oppdatere kvart 5-7 minutt, men dersom det skjer ting på Lærdal stadion i form av scoringar så oppdaterer me det.
3 Like etter hadde Fjøra eit nytt angrep utan at det vart utteljing.
2 Kjempespel av Fjøra i førekant av scoringen. Fjøra kombinerte flott framover der mellom anna Arild Underdal var involvert. Han fakk Tommy Dahle ute på kanten og han slo eit innlegg framfor kassen som Frank Elvagjeng breisida i mål.
2 0-1, Frank Elvagjeng
1 Kan fortelja at det er litt sludd i lufta og ein liten trekk ned frå Lærdalsdalen. Men den er ikkje skjemmande.
1 Kampen er i gang. Tommy Skjerven, Kaupanger er dommar i dag.
  -----------------------------------------------------------------------
  Det er eit forferdeleg ufyseleg ver og me kjem kun til å ta dei viktigaste hendingane i dag.
  Laget til Fjøra er klart, sjå nederst. Laget til Lærdal har me ikkje fått så det får me ta seinare.
  Me kjem attende med litt info rett før kampstart.

LAGA:
Lærdal IL Fjøra FK
Ukjent (4-4-2):
Ukjent Rune Loven - Ingmar Sægrov, Sigurd Fardal Nes, Ole Morten Kvam, Jarle Flugheim - Frank Elvagjeng, Trond Erik Feet, Kujtim Marmellaku, Tommy Dahle - Arild Underdal og Øystein Myrkaskog
På benken På benken
Ukjent Christian Sundsteigen og Jens Ivar Nilsen
 
Innbyrdes oppgjer: -
 
Slik gjekk det sist: -

Sida vert automatisk oppdatert per 60. sekund.

Online: 

Hit Counter