Kick-off sesongen 2009

Nyttar høvet til å ynskja alle eit godt nytt år! FN har bestemt at 2009 skal vera det internasjonale astronomiåret. Så då gir me deg like godt litt astrologi. I følgje den kinesiske kalendaren går me ut av rottas (Rattus norvegicus) og inn i oksens (Bos taurus) år. Eller frå 2008 (MMVIII) til 2009 (MMIX) om me nyttar vår eigen eller den gregorianske kalendar som det meir korrekt heiter.

Av Jan Fuglesteg. Publisert 2. januar 2009
  

Foto: Tor Henning Mardal
På sundag er det offisielt kick-off for 2009-sesongen med kamp mot fylkets beste juniorspelarar.

To gonger tidlegare i Fjørahistoria har det vore oksens år, nemleg i 1985 og i 1997. Det vart henhaldsvis ein 5. og 7. plass på tabellen. Me skal kjapt leggja til at elementa i 1985 og -97 henhaldsvis var tre og ild. Men i år er det jord folkens, og det noko heilt anna. Er me heilt på jordet eller? Jepp! Me spår at det kjem til å bli eit knallhardt år for uksadn te Kjosn. For Fjøra veit me ikkje.

Me legg frå oss spåkula og ser framover. Ganske kort tid faktisk. Til førstkomande sundag. Då er det klart for årets første treningskamp. På motsett banehalvdel står juniorlaget til SFFK.  Det har meir eller mindre vorte ein tradisjon at Fjøra møter dei beste juniorspelarane i fylket på denne tida av året. Fjøra møtte dei også rett før jul, i ein kamp som til slutt enda med 2-2, etter at Fjøra tidvis rundspelte fylket sine mest håpefulle.

Fjøra stilte den gong med ein del ukjente spelarar, og det kjem moglegeins til å skje på sundag også. Laget som Fjøra kjem til å stilla med er ikkje klart. Uansett så stiller Fjøra med eit lag som på olm-ukse vis kjem til å sparka godt i bakken før ei knallhard takling vert sett inn. Godt SFFK juniorane ikkje spelar i raudt.

Klokka 14:00 altså, i Sognahallen. Er du Fjøraspelar så møter du ein time før, kl 13:00.

Denne kampen fungerer som kick-off for sesongen 2009. Rett etter kampen vert det gjennomført eit informasjonsmøte i klubbhuset, der det vert servert mat og drikke. Kursen for ’Red Bulls’ 2009 skal stakast ut.