Nye signeringar i Fjøra
FK
Spelarstallen til Fjøra byrjar å ta form. Som dei fleste andre klubbar i
Firdaligaen har også Fjøra jobba med å få på plass nye spelarar til inneverande
sesong og på torsdag signerte to nye spelarar for klubben.
|
Av: Jan Fuglesteg.
Publisert 23. januar 2009 |
|
|

Foto:
Tom Wolff Navarsete
Jon Eirik Myhre har signert for Fjøra, noko me er særs glade
for. Ein seriøs type i alt han gjer og slike typar likar me
i Fjøra. |
Jon
Eirik Myhre, Sogndøl, og fødd 20. februar 1990. Han har spelt
aldersfastlagd fotball samt spel for Sogndal II fram til han
signerte for Kaupanger midt i fjorårssesongen. Seriøs type med gode
basisferdigheiter og som trør til i duellane. I tillegg har han ein
enorm motor og truleg har ikkje folk sett liknande sidan Forrest
Gump i filmen med same namn, sprang samanhengande i over 3 år. Me
har stor tru på at Jon Eirik skal få eit løft og samstundes vera med
på å løfta Fjøra eit hakk til i rett retning også.
Roger Birkeland er
Saudasjøen sin store son, kun slegen av Sverre Gjuvsland som eigentleg
kjem oppigjennom Suldalsosen ein plass. Roger er født om sommaren i
skotåret 1988. Nærare bestemt 9. august, dagen etter våpenkvila mellom
Angola, Cuba og Sør-Afrika. Og for eit år å bli fødd på for ein komande
LFC-fan. Me nemner i fleng i prioritert rekkefølgje; Liverpool vart
seriemeister, Steve Davis vann VM i snooker etter å ha slege Terry
Griffiths i den ikkje altfor spennande 18-11 finalen i Crucible Theatre
i Sheffield i England. Kjente filmar dette året var Rain Man, Hvem lurte
Roger Rabitt? og Crocodile Dundee II. Både Iron Maiden (Seventh Son of
the Seveth Son), Metallica (…And Justice for All) og Soundgarden (før
grungen tok av) gav sågar ut 2 album (Fopp og Ultramega OK) dette året.
Ballgensarar og permanent florerte, Lewis 501-bukse bretta midt oppå
leggen viste fram kvite tennissokkar med raud og blå stripe samt
seilarsko. For ei tid, for ei tid.
Roger
er ein sterk midtstoppar som også har gode ferdigheiter i pasningsspelet.
Me har stor tru på at han vert ein nyttig tilvekst i klubben. Han
studerer i Sogndal, og skal mest truleg vere i bygda i fleire år om han
då ikkje reiser på fysioterapistudier. Roger spelte sist sesong for
Hafslo IL der han blant anna pådro seg eit raudt kjeks. Har tidlegare
spelt for moderklubben Sauda IL. Dei som har lest kampreferata til Fjøra
no før jul og rett etter, har fått med seg at Roger har spelt i båe
kampane mot SFFK sitt juniorlag.
Me ynskjer båe to hjartleg velkomne til klubben.
Klubben jobbar fortsatt
med fleire spelarar og me vil koma attende til det når ting er i
boks.


|
|