Prematch: Fjøra FK - SFFK jr.

I dag er det klart for Fjøras første treningskamp i 2009 og på motsett banehalvdel står fylkets sine beste juniorspelarar. Treningskampar på denne tida legg me ikkje stor vekt på, men kamp er kamp og då sler konkurranseinstyinktet inn.

Av: Jan Fuglesteg. Publisert 4. januar 2009
  

Foto: Tor Henning Mardal
Sigurd Fardal Nes slappar av etter ein kamp mot SFFK jr. i desember 2007 - ein kamp Fjøra tapte knipent 2-1.

Fjøra går alltid på bana for å vinna fotballkampar, elles fell liksom noko av konseptet med fotballspelet vekk. Fjøra har ikkje starta med obligatoriske treningar enno, men litt friviljug trening har det nok vore etter at seriespelet var slutt i fjor. Samtlege spelarar veit at dersom dei ikkje held forma ved like så vert overgangen til oppkøyringa i januar / februar drug kost. Det ynskjer dei fleste å unngå.

Til dagens kamp er det klart at Andreas Kvåle Myksvoll og Warsame Adam ikkje spelar. Dei er fortsatt heime sidan oppstart for vårsemesteret ved HiSF ikkje er komen i gong enno. Men Fjøra har brukbart med spelarar å ta av i dag slik at det nok ikkje skal by på problem for Fjøra å setja saman eit slagkraftig lag som kan gi juniorane god motstand. Etter ein samtale med Jan Rune Årøy i går så hadde han ikkje heilt sett opp laget til i dag, men det meste var klart. Sidan ikkje heile lagoppstillinga er klar så kan me heller ikkje koma med den no. Men tilgjengelege spelarar for Fjøra er:

Bjarte Hovland, Patrik Fritzon, Roger Birkeland, Roger Hjellhaug, Ole Morten Kvam, Kyrre Mats Myren, Eilert Brox Holme, Jens-Ivar Nilsen, Ronny Einan, Torbjørn Ylvisåker, Johan Elverum Salveson, Stian Solberg, Sigurd Fardal Nes, Arild Underdal og kanskje eit par til.

Motstandar i dag er SFFK junior og kampen vert spelt som følgje av toppklubbsamling i Sogndal og Sognahallen denne helga. Det var ei tilsvarande samling rett før jul og det har vorte ein tradisjon at Fjøra er motstandar for desse lovande juniorspelarane. I følgje haugenfotball.no er følgjande juniorspelarar tilgjengeleg til dagens kamp (saksa frå haugenfotball.no):

Knut Løseth, Dale IL (90), Lasse Orheim Pedersen, Florø SK (90), Eirik Hovland, Florø SK (92), Karl Edvin Lysne, Sogndal Fotball (91), Ivar Løvik, Sogndal Fotball (90), Øystein Lerum, Sogndal Fotball (90), Thomas Ness, Sogndal Fotball (91), Gøran Wigum, Sogndal Fotball (91), Kenneth Nondal, Sogndal Fotball (91), Kristoffer Haaland Iversen, IL Høyang (92), Thomas Starheim, Eid IL (90), Daniel Eide, Årdal FK (91), Stian Karlsen, Årdal FK (91), Ole Johnny Cirotzki, Lærdal IL (92), Eivind Grodås, Hornindal IL (90), Mads Wie, Sandane TIL (92), Gisle Myhre, Tornado Måløy FK (91), Sveinung Frantzen, Tornado Måløy FK, Bernt Norevik, Førde IL Fotball (90), Ole Jørgen Eide, Førde IL Fotball (91) og Gustav Valsvik, Vik IL (93).

Fjøra har møtt SFFK jr fem gonger tidlegare og statistikken viser at det har vore jamne kampar. Som de ser av tabellen under har laga vunne kvar sine to kampar medan den siste rett før jul enda med poengdeling.

Dato Nivå Motstandar H/B
07.03.2002 3. divisjon SFFK jr. 4-1
13.04.2004 3. divisjon SFFK jr. 3-0
13.01.2007 3. divisjon SFFK jr. 3-7
08.12.2007 3. divisjon SFFK jr. 1-2
12.12.2008 3. divisjon SFFK jr. 2-2

Me skal prøva å få til ei livesending frå Sognahallen i dag, der vår mann truleg vert Tom Wolff Navarsete.