Fjøra rauk ut av Veterancup

Fjøra er ute av VeteranCup etter at dei i dag tidleg rauk 5-2 mot eit meget godt Vikinglag. Fjøra vart dermed nummer 3 i si gruppe og det heldt ikkje til vidare avansement.

Av Jan Fuglesteg. Publisert 31. januar 2009
  

Foto: Ian Birdstep
Tor Henning Mardal står bokført med 3 mål på 2 kampar no i starten på årets Veterancup. Då er det heilt greitt å ha på seg kulebridledn
.

Jan Rune Årøy meldte på telefon i dag at både Viking, og spesielt Liverpool var knakande gode lag. Dei hadde fantastisk grunnteknikk og god rørsle og pasningsspelet sat som fersk hundadrit i kram snø. Fjøra vart regelrett utspelt av båe desse laga.

Likevel, Fjøra opna turneringa brukbart og vann sine to første kampar mot dei lokale heltane Årdalstangen IL samt Umbro Vindbjart. Toppscorar for Fjøra i turneringa vart ikkje uventa Einar Kvam som noterte seg for 4 scoringar, ein meir enn Tor Henning Mardal.

Det var naturleg nok ei flott oppleving å få møta Liverpool og denne turneringa er nok ein høgdare for dei litt opp i åra. Til neste år så stiller nok Fjøra lag igjen, men då må det nok litt betre førebuingar til enn i år om det skal vera håp om avansement.

Det vart teke mange bilete frå turneringa og dette skal me koma attende med så fort eg har fått dei over. Dette skjer truleg i laupet av ettermiddagen.

Vil du ha med deg sluttspelet i turneringa får du det på
VeteranCup Direkte.

Resultat Fjøra sine kampar:
 

ÅRDALSTANGEN IL - FJØRA FK   1-2

Innleiande kamp 109, Lærdalshallen, pulje VE2, kl 15:45

0-1

Osvald Lykkebø, 2 min

1-1

Ukjent

1-2

Tor Henning Mardal

Kommentar: Fjøra hadde god kontroll stort sett kampen igjennom og burde ha avgjort til sin fordel lenge før dei gjorde det. For dette vart meir spennande enn det burde ha vorte. Osvald Lykkebø førte Fjøra opp i leiing etter 1,5 minutt og dei hadde fleire sjansar til å punktera kampen. ÅTIL kom attende og utlikna etter omlag 10 minuttar. Fjorten sekundar før slutt sette Tor Henning Mardal inn vinnarmålet. Fortent siger og ein flott start for Fjøra.

 

FJØRA FK - UMBRO VINDBJART    3-2

Innleiande kamp 111, Lærdalshallen, pulje VE2, kl 16:15

1-0

Tor Henning Mardal, 2 min

2-0

Tor Henning Mardal, 4 min

2-1

Ukjent, 6 min

3-1

Einar Kvam, 8 min

3-2

Ukjent, 8 min

Kommentar: Før kampen var det ein litt skeptisk Tom Wolff Navarsete då han meinte at Vindbjart virka svært gode under oppvarminga. Men Fjøra la all respekt til side og gjekk raskt opp i ei 2-0 leiing etter 2 fine mål av Mardal. Telemarkingane reduserte ein gong, men Fjøra og Einar Kvam slo attende då han på typisk EK-vis sette ballen sikkert i nota. Sekundar etter reduserte Vindbjart på nytt etter ein godt frispark. Fjøra heldt stand og kjempa sigeren i land. 2 kampar og 6 poeng. Supert!

 

FJØRA FK - LIVERPOOL FC   1-6

Innleiande kamp 120, Lærdalshallen, pulje VE2, kl 18:30

0-1

Kjent, men ukjent

0-2

Kjent, men ukjent

1-2

Einar Kvam, 7 min

1-3

Kjent, men ukjent

1-4

Kjent, men ukjent

1-5

Kjent, men ukjent

1-6

Kjent, men ukjent

Kommentar: Manchester United kom for å spørja om å få laona någlasåksi av Fjøra og det øydelagde nok mykje av førebuingane til Fjøra inn mot Liverpoolkampen. Liverpool var gode, styggode! Det var pass and move og Fjøra greidde ikkje å hengja med. Dei gjekk tidleg opp i 2-0 leiing før Einar Kvam reduserte. Kvam sa etter kampen at det einaste han mangla på fotball-CVen sin var ei scoring mot Liverpool. No er den i boks. Etter Kvam si redusering så hagla det inn bak Helge Eide i Fjøraburet og det enda til slutt med stygge 1-6 i kuforten. Me kan forøvrig melda om at Odd Foss bomma på staffe.

 

VIKING FK - FJØRA FK    5-2

Innleiande kamp 154, Lærdalshallen, pulje VE2, kl 10:00

1-0 Ukjent
2-0 Ukjent
2-1 Einar Kvam
3-1 Ukjent
4-1 Ukjent
4-2 Einar Kvam
5-2 Ukjent

Kommentar: Jamnt i første minuttane før Viking gjekk opp til 2-0. Sjølv om Fjøra reduserte ved Kvam så var Vikig det klart førande laget. Og det var ikkje nokon som helst tvil om kvar sigeren ville gå. Viking auka til 4-1 før Einar Kvam reduserte nok ein gong. Viking netta ein gong til slik at dei vann komfortabelt 5-2. Viking slo dermed følgje med Liverpool inn i sluttspelet.

 

TABELL PULJE VE2

K S U T Måltal

P

Liverpool FC 4 3 1 0 14-6 10
Viking FK 4 3 0 1 20-11 9
Fjøra FK 4 2 0 2 8-14 6
UMBRO Vindbjart 4 1 0 3 8-11 3
Årdalstangen IL 4 0 1 3 4-14 1