Treningsleiren vil bli gjennomført i perioden 31. mars – 7. april
2009 og Fjøra vert truleg innkvartert i det same 4-stjerners
hotellet som i fjor. Treningsleirperioden er i veka før påske,
motsett av det som var tilfelle i fjor.
Erfaringen frå i fjor var strålande og me kan utan tvil hevda at den
treningsleiren er den beste me har hatt i Fjøra dei siste åra.
Banetilhøva, transporten til og frå hotell / treningsfelt var
upåklageleg, buforhalda, maten og fasilitetane ved hotellet var
optimale for gjennomføring av ein treningsleir. Når ein i tillegg
får glitrande oppfølgjing av selskapet som me hadde bestilt
treningsleiren gjennom så vart dette til eit særs hyggeleg opphald.
I tillegg ynskjer me å trekke fram det gode kamptilbodet under
opphaldet. Det er ei rekkje lag frå Superettan som tek turen og
kanskje er det det også i år. Då er det moglegheit til å få møta
reservane ispedd A-spelarar, og dermed få kanonmotstand.
Ein del av dei Superettanlaga uttalte i fjor at dei heller ville til
Agia Napa sidan banene der var betre enn dei dei tidlegare hadde
opplevd på La Manga. Og det lyt me vera samde i for betre baner enn
det Fjøra vart serverte i fjor er knapt å oppdrive.
Klimaet på Kypros på denne tida
av året, er det beste og mest stabile i Middelhavet. Det betyr at
det faktisk er høve til å få litt sol på kroppen også. På Kypros
skin sola 340 dagar i året. Me ser fram til eit nytt vellukka
opphald.