
Foto:
Bjarte Stedje
Trygve Jakobsen, den kjente kartlesaren frå Fjøralupao 2004,
er klar for nye eventyr. Her poserer han saman med ein stolt
eigar. |
Etter medieblesten som var rundt
han på forsommaren i 2004 der han knaft fekk vera i fred for både 2-
og 4-beinte, var det som at han Trygve var som sokken i ei hengemyr
på utmarksbeite. Me lurte sågar på om han hadde hamna på Slaktehuset
og enda opp som Sognamorr. Men nei, han Trygve hadde berre trekt seg
litt attende for å leva eit stille og roleg liv som avlsver.
Når me på beste Tore-på-sporet-vis bestemte oss for å sjå om me
kunne finna han Trygve, fann me han ironisk nok på finn.no.
Det var gledeleg å sjå at han Trygve var i live, sjølv om han hadde
endra seg ein del både i andletet og på føtedn sidan han som ung og
viril ver turnerte trivselsfylket i 2004. Samstundes var det og litt
trist å sjå at han var til salgs for berre 3.000 kroner.
Underteikna har vore i kontakt med leiinga i Fjøra om ikkje klubben
kan kjøpa han Trygve og nytta han som graskløppar på Annstein Ground.
Fjøra lyt uansett kjøpa ny graskløppar så kvifor ikkje. Det ville jo
han vore ein miljøvenleg kløppar også.
Me vil halda lesarane oppdatert i vidare utviklinga i saka.
SISTE NYTT: Me har fått inn litt
tilleggsinformasjon frå eigar om at han Trygve sleit seg ein gong i
fjor sommar og at han vart funnen att uppe på AG. Muleg han var oppe
å sjekka forholdi, eller jedda det var rett og slett for å sleppa
fri brekinga frå alle dei 4-beinte damedn inne på Nes. Det er veren
sin det, melder ein hur stolt som helst eigar.
De har sikkert sett det gjort med kjendisar i Dagbladet (eller er
det i VG) at dei med små endringar liknar andre og like kjente. Vel,
me må jo kunne seie at han Trygve er litt av ein kjendis vorten og
me har fått inn denne av ein anonym person.
 |
 |
 |
|
Trygve frå
hippietida |
Trygve-Ivar |
Ivar, Trygve sin ukjente
tremenning innaotte Lambhaug. |
Annonsa på finn.no
 |