Verdas største mot verdas minste

Til helga er det klart for den årlege og prestisjefylte VeteranCup i Lærdal og Årdal og der stiller Fjøra lag i veteranklassen. Og det har vore klart at her er det to storlag i raudt som barkar saman. Eller verdens største mot verdens minste om ein vil. Jepp, Fjøra møter Liverpool
. 

Av: Jan Fuglesteg. Publisert 28. januar 2009
  

Foto: Tom Wolff Navarsete
Fjøra sin playmaker, Knut Idar Kristoffersen, er meldt å vera i kjempeslag, og moglegeins dristar han seg på nokre djupe løp også.

VeteranCup er ei nasjonal turnering for oldboys- og veteranklassen og turneringa har som mål å bringe saman fotballspelarar som har spelt i norsk eliteserie, samt lag frå regionen. Turneringa er ein sportsleg og sosial møtestad.

Me har fått Fjøra sin turneringsbas i tale og det er ein spent og motivert Knut Johan Almås som gler seg ofsleg til helga. Almås fortel at Fjøra reiser inn med ein slagkraftig tropp som består av følgjande spelarar
:

Jan Rune Årøy, Einar Kvam, Knut Idar Kristoffersen, Osvald Lykkebø, Helge Eide, Tor Henning Mardal, Kai Henning Slinde og Knut Almås.

Lagleiar Almås fortel at Helge Eide er klar som eit egg etter han har teke ein operasjon i foten. Den siste veka har han fått nålestikk av Gunter, noko som ser ut til å ha gjort susen. Elles er det eit stort spørsmålsteikn om Kai Henning Slinde vert klar til turneringa. Grunna dårleg treningsgrunnlag og råten muskulatur har han pådrege seg ein strekk på baksida av låret. Han skal gjennomføre ein test med Almås i ettermiddag i Sognahallen, før han eventuelt får klarsignal. I tillegg fortel Almås at han er voldsomt skeptisk til Årøyguten og kor godt trent han er. Han virkar voldsomt tung for tida. Men du veit guten har vore ute ein vinterdag før.

Ellers kan eg nemne at Kristoffersen aldri har vore betre trent enn no. Han har lagt inn fleire treningsøkter med eigentrening i tilegg til herretrimmen og Nestangentreninga. Så no er det mogleg å spele ballen i rom istadenfor på fot til han. Vidare går det rykte om at Kvammen (Einar) stiller inn skotfoten sin ved at han har skuddtrening på Nestangentreningane. Her smell han ballen i mål, stenger og andre ting.

I Odd Foss har me fått ein stødig kar som lagleiar. Han kan samanliknast med Arsène Wenger i måten han ynskjer korleis me skal opptre på bana. Det er litt usikkert om han velgjer ein 2-2 formasjon eller ein 1-2-1 formasjon der den eine på midten blir med opp / ned etter behov. Dette vert avgjort alt etter kva slags spelartypar som er på bana og av kva motstandar me møter (kampdimensjonen).

Stort sett alle som spelar på laget vårt er Liverpool fans så det vert ekstra spesielt og moro å spela mot legender som mellom anna målfarlege :-) Rob Jones, Jason McAteer, Robert John "Bob" Bolder, John Paul Durnin, Donald Oliver Hutchison, Howard Gayle og Mike Marsh. Tenk deg det, verdens minste klubb mot ein av verdens største. Fantastisk oppleving vert nok dette for alle unna teke Jan Rune som er Leedsfan.

Lagleiar Almås avsluttar med å seie at ambisjonane til Fjøra er å koma vidare i frå pulja, men på papiret meiner han at Viking har eit knallgodt lag. Men som han seier, me er i form og skal ta dei!


Fjøra er komen i veterangruppe 2 og skal i dei innleiande kampane måle krefter med Liverpool, UMBRO Vindbjart, Viking og Årdalstangen.

Fjøra spelar alle sine innleiande kampar i Lærdalshallen og speleoppsettet for Fjøra er som følgjer:

30.01 15:45 Årdalstangen – Fjøra 1-2 (Lykkebø, Mardal)
30.01 16:15 Fjøra – UMBRO Vindbjart 3-2 (Mardal x 2, Kvam)
30.01 18:30 Fjøra – Liverpool
31.01 10:00 Viking - Fjøra

Fjøra sine motstandarar i dei innleiande rundane stiller med følgjande mannskap (saksa frå VeteranCup si nettside):

Liverpool:
Rob Jones, Jason McAteer, Robert John "Bob" Bolder, John Paul Durnin, Donald Oliver Hutchison, Howard Gayle og Mike Marsh

Umbro Vindbjart:
Mikael Andressen, Steinar Skårdal, Øyvind Svendsen, Kjell Rune Hestvåg, Jarle Stomnås, Jan Helge Lislevand, Geir Nordahl og Petter Tambini

Årdalstangen:
Egil Arne Svinø, Jens Herstad, Jarle Hovland, Arnt Andersen, Knut Arne Klingenberg, Johnny Breivik og Paul Hestetun

Viking:
Tore Haugvaldstad, Ingve Bøe, Ivar Hauge, Jone Solberg, Gunnar Aase, Børre Meinseth, Ulf Karlsen, Jens Thorsen, Finn E. Krogh, Magne Emhjellen og Trygve Johannesen

Dersom du ynskjer å halda deg oppdatert på Fjøra og andre lag sine kampar så kan du gjera det ved å gå inn på VeteranCup si nettside.

Me kan lova at me kjem attende med ein reportasje frå årets VeteraCup seinare der me i alle fall skal få servert lesarane våre bilete frå turneringa.