Fjøra FK

Påmelding KL 2019

Påmelding KL 2019

Kjempenes Liga 2019 vert arrangert 8-9.november. Påmeldingsinfo kjem i september

For tilreisande herrelag som ønsker å spela innleiande kampar laurdag prøver me så langt det er muleg å legge til rette for det, oppgi dette i påmeldinga! Damelaga spelar i utgangspunktet innleiande fredag men viss nok lag kan det også bli spelt innleiande laurdag. Me har i utgangspunktet plass til 24 herrelag og 12 damelag men vil vurdere å utvide dersom ny full gruppe slik som tidlegare.

Ver obs på at det i denne turneringa er begrensingar på antall aktive. Ein vert rekna som aktiv/lisens dersom ein i 2019 har starta seriekamp i 4.div eller høgare for herrer og 2.div eller høgare for damer. Maks 2 aktive/lisens i kvar tropp og maks ein aktiv/lisens på bana om gangen.

Påmeldingsavgift betales enten kontant i sekreteriatet før ditt lags første kamp eller på forhånd via nettbank til konto 3705.14.67834 (seinast onsdagen før turnering). Det vil vera kiosk med godt utval midt på langsida på tribuna

Velkommen til turnering og ikkje minst ein sosial kveld på "byn" i Sogndal etterpå. Ingen organisert bankett men me kan garantere at det vert god stemning på Sogndal Hotell frå klokka 22 og utover..

Sjå også turneringsreglementet


Fjøra Fotballklubb
Postboks 188, 6851 Sogndal |  
www.fjora.no | post@fjora.no | 95805550
Dersom du ynskjer å nytta innhald frå nettsida, ver venleg å oppgi kjelda
.

 

Hovudsponsorar

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift