[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Påmelding til Kjempenes Liga 15-16.nov 2024

Forfatter: Fjøra FK

24. september 2024

Forside
News article image

Me tek i mot påmeldingar til årets Kjempenes Liga frå no og fram til 5.november

Kjempenes Liga 2023 vert arrangert helga 15-16.november. Påmelding til [email protected] der du oppgir lagnavn, navn på kontaktperson, epost og telefonnummer, samt herre eller dameklasse. Du skal få bekrefting i retur på at laget ditt er påmeldt. Siste frist for påmelding er 5.november kl 20!

For tilreisande lag som ønsker å spela innleiande kampar laurdag eller lag som føretrekk fredag prøver me så langt det er muleg å legge til rette for det, dette MÅ oppgis samtidig med påmelding!

Ver obs på at det i denne turneringa er begrensingar på antall aktive. Ein vert rekna som aktiv/lisens dersom ein i kalenderåret har starta seriekamp i 3.div eller høgare for herrer og 2.div eller høgare for damer. I tillegg vert ein rekna som aktiv/lisens viss ein har starta MEIR ENN 1 kamp i 4.div herrer. Frå det året ein fyller 35 år er ein uansett ikkje å rekna som aktiv/lisens. Maks 2 aktive/lisens i kvar tropp og maks 1 aktiv/lisens på bana om gangen.

NB! Sidan Studentspretten sine kampar i 4.div vart kansellert vil ikkje desse kampane telja med i lisensreglementet

Påmeldingsavgift 2000 kr må betalast seinast 5.nov til konto 3705.14.67834 (merk betaling med lagnamn). Det vil vera kiosk med godt utval midt på langsida på tribuna

Velkommen til turnering og ikkje minst ein sosial kveld på "byn" i Sogndal etterpå. Det vert som vanleg Kjempenes Liga - fest på Soho laurdag kveld, forhåndssal av billettar både til SOHO og Eppel Bar frå medio oktober, meir informasjon om dette på Fjøra si facebookside

Sjå også turneringsreglementet og set dykk godt inn i dette, 6 mot 6 inklusive keeper på bana. Me nyttar innspark isf innkast og ellers viktig å merke seg sklitakling forbudt